Anmeldelse av Barn under månen

Romanserien Barn under månen av Jane Mysen er lest av Hilde. Serien vart opphavleg utgitt Damm mellom 2003 og 2005 og vart på 15 bøker. Serien vart òg utgitt med nye framsider av Cappelen Damm mellom 15. oktober 2018 og 18. november 2019, og det er desse bøkene Hilde har lese.

Året er 1920. Livet blir ikkje heilt det same i Lunner/Hadeland etter at rikmannsdattera Maren kjem dit, eller “forvist til ei tante på landet” som ho sjølv seie. Tilfeldighetene skal ha det til at Günther og hans rallarkameratar òg er i Lunner. Maren har eigen bil, og det fyrste møtet mellom dei kunne ha enda med kollisjon da Maren med freidig mot køyrer forbi lastebilen som rallarane har fått skyss med.

Günther er ein naturleg og god ledar, og han og rallarkameratane får jobb på malmgruvene i Grua. Maren, som i starten av serien kan virke litt overlegen og bortskjemd, viser seg etter kvart å ha eit hjerte av gull. Så møtast Maren og Günther igjen på ei dansetilstelling ved Grua, der Günther spelar både på gitarstrengar og “andre strengar”.

Romanserien Barn under månen er tufta på forfattararen si eiga familiehistorie og tek opp temaer som frammandfrykt, forskjell mellom fattig og rik, og historisk helsestell både psykisk og somatisk. Serien gjev både engasjement og leseglede. Dei nye fine forsidane er illustrert av Eline Mykelbust Madsen og omslagsdesign er av Johanna Blom.

No er siste kapittel i romanserien lest , og det blei eit vemodig farvel med familien i Hadeland, ein hjertevarm romanserie som eg gjerne tilrår. Håper mange vil hygge seg i selskap med Maren og Günther.

Opprinnelig publisert 2. mai 2019 for skrevet for cs Bokglede.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.