Anmeldelse av Aftenstjernen

Romanserien Aftenstjernen av Jenny Micko, har vakre illustrerte framsider av Kjetil Nystuen og er utgjeven av Cappelen Damm. Romanserien vart nyleg kåra til den mest leste romanserien i 2019 av lesarane på Facebook gruppen Cs Bokglede . Gratulerer så mykje Jenny! Siden romanserien er så populær og fleire les bøkene, er det allereie mange som kjenner til serien, eg vil likevel skrive litt om den for nye lesarar.

Forfattaren tek oss med til Bergen tidleg på 1900-talet. Historia starter i 1897 ved at Blanca som er oppvasken på ein barneheim, får beskjed om at ho vil få ei ny familie. Til Blanca sin store skuffelse blir det “ingen kjære mor” der, i staden blir det hardt arbeid som tenestejente for famila Holen. Blanca blir og utsett for mobbing i den nye heimbygda pga ein spesiell hårfarge for ei ung jente.

I ein velstands heim i Bergen møter vi Charlotta, eller Lotta, vi er no komne til året 1907. Det tok faktisk ei lita stund før det gjekk opp for meg at Lotta er blind, siden ho har lært seg å bli ganske uavhengig av hjelp, i staden for å sjå, orienterterer ho seg ved å telje stega ho går. På denne måten tek ho seg problemfritt rundt i huset, og dei ho er i lag med til ei kvar tid fortel kor mange steg det er f.eks til ei tropp eller ei dør når ho er utanfor huset.
Det kviler likevel nokre skuggar over velstandsheimen sidan mor til Lotta, Adriana er psykisk sjuk. Noko som på den tid gjerne ikkje vart prata “så høgt om”. Faren er ein framadstormande bankmann , som stadig er oppteken av sine forretningar.

Torget i Bergen i 1910 , omlag som på Lotta og Blancas tid

Nevengården er sentral i handlinga og var på denne tida ein nokså ny og moderne institusjon. No 100 år etterpå har heiter det Sandviken sykehus. Før var det å havne på Nevengården som å virkelig havna i eit uføre. Det var sett på som stigmatiserende av folk rundt. Likevel ser det ut som ein ikkje trengde å vere så sjuk tidlig på 1900 taket for å havne der, det kan virke som det er nok å vere ein som skilde seg ut på ein eller annen måte. Som å vere i opposisjon til familien, å ha ei legning utenom det vanlege eller å vere psykisk utvikingshemna, var nok til å bli pasient på Nevengården. Institusjonen dekka heile vestlandet. Eg får med dette ei større forståing for at f.eks personer med psykisk utviklingshemming gjerne blei gøymde vekk heime på gården av fortvilte foreldre som ikkje ville at dei skulle havne på Nevengården, eller ein liknande stad, fordi dei var redde for at dei skulle bli mishandla, så navnet Nevengården, har virkelig kasta lange skygger her på vestlandet.

Noverende Sandviken sykehus , øverst på biletet, Nevengården den gong den var ny under.

Forfattaren Jenny inviterer oss til å følge Blanca og Lotta i livet deira 1907, og eg håper du har lyst å bli med på ei reise tilbake til Bergen for å følge jentene på livets strevsomme og skumle veg, romanserien er utruleg spennande, det er berre så vidt eg klarer å vente på den neste boka, tusen takk til Jenny for ein flott og spennende serie utenom det vanlege.

Innlegget har også blitt publisert i Facebookgruppa CS Bokglede.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.