Hei, Hilde her. Siden eg endå ikkje hadde lest noko av Elisabeth Hammer, las eg bokserien hennar, Frostrose med stor interesse.
Romanserien Frostrose av Elisabeth Hammer, utgjeven av Cappelen Damm.
Adeline er, når vi blir kjend med henne, ei ung dame på snart 18, som har ei sterk sans for rettferd. Adeleine stiller opp og er støttar dei andre jentene som blir terrorisert av bestyrerinna og arbeidslederen, noko som går hardt ut over henne sjølv. Legen som skal ha overoppsyn er og ganske passiv og vil eigentleg ikkje sjå kvar som skjer.
“La alt håp fare, I som treder her inn“. Fritt sitert etter Dantes inferno, det same sitatet kunne like gjerne ha passa i denne fyrste boka i romanserien Frostrose. Adeline vart rett nok båret inn i barneheimen, siden ho var på nippet til å fryse i hel, der ho låg i snøen saman med mor si, og dermed redda frå å dø i ung alder. Dessverre blei Adeleine morlaus den natta. Livet på barneheimen viser å ikkje vere ein “dans på roser” det heller, men Adeleine levde, og så lenge det er liv er som kjent håp.
Eg blei ganske engasjert av å lese den første boka, og heia på jentene på barneheimen når det går dei godt, og sukker over bestyrerinna og bestyraren, og måten dei handsamar jentene på. Likevel er det håp, bl.a. får Adeline hjelpe kokka når ho bryt armen. Dette gjev henne nye opplevingar, siden kokka er på barnas side får ho og høve til å hjelpe nokre av dei andre jentene, samt å kome ein tur ut på marked for å kjøpe råvarer saman med kokka.
Dette blei opptakta til ei spennande historie, og spenninga har holdt seg saman med sympatien for jentene på barneheimen. Adeleine er lett å like, og det er spennende å følge henne videre og som lesar får eg virkelig lyst til å heie på Adeleine, og følge henne på vegen videre .
Ein ting er sikkert, den fyrste boka svarte absolutt til mine forventninger og fortsetjinga er like spennande. Forfattaren har skrive ein flott romanserie som som eg gjerne tilrår. Etter ein svært dramatisk slutt i den forrige boka, blir det bli spennande å følge Adeline videre på livets veg.
Innlegget ble opprinnelig publisert på Facebooksiden CS Bokglede 18. juni 2019.
Vær den første til å kommentere