Anmeldelse av I krig og kjærlighet

Første bok i serien

I 2007 byrgja romanserien “I krig og kjærlighet” å kome ut, dette var dette ein serie som appellerte til meg. Siden det var ein romanserie frå ei periode i historia som alltid har inntresert meg, og serien var engasjerande frå starten av.

Forfatteren Else Berit Kristiansen fortel oss om kvardagsliv rett før, under og etter den Tyske okkupasjon av Noreg på ein levande måte. Vi blir i den fyrste boka kjende med hovudpersonen Kristin Audien Svendsen og hennar familie. Handlinga startar hausten 1939, samtidig med at Hitler går inn i Polen blir Kristin og familia ramma av ei personleg tragedie. Det viser seg då at Audine, mora i familien har fått den frykta sjukdommen tæring, (tuberkulose). Far til Kristin, Johan, som er smed, har omgjort fjøset på husmannsplasen dei bur på til smie, og loftet til smia blir omgjort til “sykeværelse”. Kristin får opplæring av sjukepleiaren Sigrid, og dei to omtrent jevnaldrande jentene får eit nært og longvarig vennskap. Pga nyheter frå Tyskland og rykter som går om handsaminga av jødar, vel familia til Kristin å holde kunnskapen om at faren Johan er halvt jøde for seg sjølv.

Forfatter Else Berit Kristiansen

Kristin har ein kjæreste, Jan, som er frå storgarden Bjørnstad. Då Audine sin sjukdom blir kjend vel han å gjere det slutt med Kristin. Det kjem etterkvart fram at Jan lar hensynet til foreldrene sin vilje styre mykje av dei valga han gjer i livet sitt, noko som får store konsekvenser for Kristin. Då dei to likevel blir gift ved juletider same år er det eit barn er på veg. Kristin er ikkje den svigerdottera som svigermora Åse helst ville hatt, noko ho gjer klart utrykk for, medan svigerfaren Helge tek godt i mot Kristin.

Då Norge blir okkupert 9.april og kamphandlingane ved Trysil er i gong, flykter familien Bjørnstad til seters. Kristin, i saman med svigerinna Hjørdis. Påkjenninga føre til at ho mister barnet, i tillegg til sorgen over dette står prøvelsane i kø for unge Kristin då svigerfaren hennar toner flagg som nazisympatisør, saman med familia og dei opnar heimen sin frivillig for okkupasjonsmakta.

Siste bok i serien

Svigerinna Hjørdis forelsker seg og blir gravid med ein av tyskarane som flytter inn, og livet hennar går dermed og i ei retning hverken ho eller andre hadde forutsett. Kristin gjer motstand i det stille, og gjev vidare opplysningar ho klare å snappe opp. Og medan bygdefolket forlengsst har stempla henne som nazist, som ein del av familien på Bjørnstad , opererer ho som dobbeltagent .

Dette er starten på ei spennende historie om kvardagsliv i Trysiltraktene og om enkeltmenneska sine valg og om konsekvensar som valga får for den einskilde. I ei historie som strekker seg longt inn i den kalde krigen, og vi får og forfatteren gjev lesaren og innsikt i stoda til eit krigsherja Tyskland, og lesaren får og litt kjennskap til livet bak jernteppet..

Forfattaren Else Berit Kristiansen fortel i forordet at hovudpersonen Kristin er inspirert av hennar eiga mormor, som har vore inspirasjon til romanserien. Det har blitt ei historie som er lærerik, og ei interessant reise i vår nære historie. Tusen takk for mange spennande lesetimar. Serien finns i handelen som ebokok, og kjem forhåpentlig på Storytel.

Innlegget har også blitt publisert i Facebookgruppa CS Bokglede.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.