Romanserien Moril av Torill Karina Børnes, illustrert av Eline Myklebust Madsen og utgjeven av Cappelen Damm. Romanserien kjem ut i som både e-bok og papirformat og nr 15 er siste bok i serien.
Handlinga i romanserien Morild er lagt til øya Mydla som er ei tenkt øy, geografisk plassert omtrent mellom Lærøy og Bjelkarøy mellom Sotra og Fana, med Bergen som nærmeste by . I den fyrste boka blir vi kjende med Frida og familien hennar som bur på garden Bakkatunet nær Solvik. Frida er familien si eldste dotter, ei sjølvstendig jente. Ho har det ikkje heilt enkelt med ein drikkfeldig far og ein sjalu og sint halvbror, som ho gjer sitt beste for å beskytte småsykjena mot, samtidig som ho arbeider som ganejente på Solvik dvs. stell av fisk ,ei tidligere form for fiskeindustri. Ganejentene brukte ei tang til å fjerne ganen på fisken , derav navnet tittelen .
Familien bur på ein liten plass der “alle kjenner alle”. At Frida både er ei kunstnersjel med sjølvstendige tankar og meininger gjer det ikkje enklere for henne. I eit bygdesamfunn var ein enten er av bra folk eller det motsette, som er tilfelle med Frida. Fridas si store glede er å skrive og ho stikker seg gjerne vekk for å skrive i ei bok som ho fikk av onkelen sin som lita. Siden onkelen seinare kom bort på havet under mystiske omstendigheter, blei boka ekstra kjær for Frida.
I Bergen møter vi Engel Dolve som bur hjå sin velstående stefar . Han har aldri mangla noko materielt, men har likevel vekse opp med saknet av ei mor som døde tidlig og ein stefar som heile tida “rakkar” ned på han og hans rette far. Dolve senior gir Engel ordre om å overta som eigar av Kremmerstaden Solvik på Mydla. Stefaren har og tidlare styrt Engel inn i eit kjærleklaust ekteskap.
Engel har egentlig har andre planer, er og lite motivert til oppgava då han saman med kameraten Adam dreg ut til øya , for å inspirere Engels nye eigendom.
Romanserien er tidfesta til omlag 1920 talet og dermed kjem forfatteren inn på tema som brennevinsmugling, kulturforskjel mellom bymann og stril , lekmannsrørsla, med ein predikant som har misforstått både bodskapen, er det langt mellom hans liv og bibelens milde lære hjå han. Eit anna tema er kvinneliv før og no . På Frida si tid var folkehøgskule eller husmorskule det einaste ei jente med Frida sin bakgrunn kunne håpe på, no 100 år etter kan ei jente bli kva ho vil og har anlegg for.
Forfattaren har og dreve grundig reserch om livet på den tida, om både skikkar og folkeopplysning, eller kan hende heller mangel på dette. At folket på Mydla prioriterte å bygge bedehus er nok veldig sannsynlig, eg bur sjølv på Sotra og kan passere eit par bedehus på ein vanleg tur ut. Skule i bygda med tilhøyrande folkeopplysning er det ikkje så nøye med for Mydla folket. Romanserien er no slutt, og kan gjerne minne litt om klassikaren Hellemyrfolket av Amalie Skram, som og Frida blir tilrådd å lese ved eit høve.
Morild er ein serie som blir meir spennande for kvar bok og eg håper at fleire lesarar vil bli med på ei dramatisk og spennende reise til fantasifulle Mydla.
Innlegget ble opprinnelig publisert 17.aug 2019, i Facebookgruppen CS Bokglede, under emnet “Lesehesten tilrår”.
Vær den første til å kommentere