Anmeldelse av Veien hjem

Hei, Hilde her. Som sjøoffisersdatter, er romanserien “Veien hjem” ein serie eg kunne kjenne meg ekstra godt igjen i. Her kan du lese litt om mine tankar om denne romanserien.

Romanserien “Veien hjem” av Ellinor Rafaelsen, illustrasjon av forsider Eline Myklebust Madsen, romanserien er utgjeven av forlaget CappelenDamm.

Romanserien handler om Johanna og Ludvig Abrahamsen og deira to døtre Katrine og Kornelia. Året er 1927 familien lever i Tromsø, har ein fin heim og mangler ingenting. Likevel har familien eit sakn, siden familiefaren Ludvig er sjøkaptein og skjelden er heime. Siden eg sjølv har liknande oppvekst som sjøoffisersdatter var derfor dette ein romanserie som appellerte til meg frå starten av. Det er lett å kjenne seg igjen i saknet etter ein far som er lenge borte, og den store gleda og forventninga over at familiefaren snart er venta heim. For på den tiden kunne det gjerne dreie seg om eit år borte frå familien i gongen.

Det blir stor glede i familien da Ludvig fortel at han vil ta familien med på skipet der han arbeider, skjølv om besteforeldre, særleg farmor som er lærar er skeptisk. Å ta med familien på ein tur, var noko som var for offiserar siden dei hadde lugar med god plass, og ein sjøoffisers privilegium. Sånn var det og for kaptein Abrahamsen på M/S Retina som var eit frakteskip, og både mor og døtre gleder seg til turen ein lang tur saman med far. Kjenner sjølv på samme forventninga og gleden siden eg og min mor reiste med min far to måneder i middelhavet som 6 åring.

Når alt kjem til alt blir det pga. eit uhell berre Kornelia som får reise, medan Katrine blir igjen i Tromsø hjå farmor og farfar. Det ingen veit er at reisa vil ta mykje lenger tid enn dei vekene jentene fikk tillatelse til å vere borte frå skulen. For dei to systrene Katrine og Kornelia som er svært ulike av natur og lynne, går dermed livet i kvar si retning eller som forfatteren skriv det “To søstre. To skjebner. Sjalusi, kjærlighet og rivalisering”

I dei romanseriane eg har lest av forfatteren har det vore mykje reising. Både i romanserien Farsarven og Annas skjebne tek Ellinor Rafaelsen leseren med på reiser. Verden rundt. I dei to nevnte seriane som heng saman på eit vis får lesaren besøkt dei fleste kontinenta. Og i serien “Veien hjem” kan lesaren leve seg inn i reiser til fjerne kyster.. Det er jo det som er fint med ei bok at ein kan oppleve verden saman med hovudpersonane, leve seg inn i deira liv og skjebne samtidig som ein sjølv det trygt i si eiga stove og kan kose seg med historia uten å kjenne dramatikken på kroppen, for dramatikk og spenning det kan eg i allefall love leseren, dei fint illustrerte forsidene i romanserien er og til stor inspirasjon for lesegleda.

Veien hjem” går no mot slutten, siden den blir på 33 bøker. Bøkene har vakre forsider illustrert av Eline Myklebust Madsen. Om du no får lyst til å bli med på “veien hjem” er det nok mulig å få det til siden bøkene finns både som e-bok, i pocket utgave det går og an å laste ned serien som lydbok, så nå gjenstår det berre å seie, god reise saman med Kornelia og famila hennar.

Innlegget ble opprinnelig publisert 3. sept 2019 i Facebookgruppen CS Bokglede.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.