Lesetanker om Fire søsken

Annonse

Romanserien Fire søsken av Willy Ustad er ein av mine bokskattar. Den blei utgjeven av Bladkompaniet frå 1992 til 2001 med vakre framsideillustrasjonar av Svein Solem. Som ble.a har vore illustratør for bøker av Margit Sandemo, barne-TV serier som f.eks Jul i blåfjell.

Siden vi i dag skriv 7.mai 2020 er det på dagen 75 år siden handlinga i denne serien starta, det er dagen før den tyske kapitulasjon og andre verdenskrig sin slutt 8. mai 1945 .
Som navnet på romanserien seier så handler den om fire søsken, frå den vesle garden Karlsbu ved tettsteden Karlshavn. Lea er 17 år, Brynjar 24 år, Arnodd 28 år og Berit er 30 år då handlinga startar i Trondheim 7 mai i 1945.

Det er likevel Lea vi som lesarar blir best kjend med, der ho står som ei høggravid og skremd ungjente. Ho skal snart føde eit barnet til ein tysk soldat, og ho aner nok at det er no “kampen for tilærelsen” vil byrgje. Heldigvis trår storesøster Berit støttende til, siden ho er i Trondheim med eit oppdrag for motstandsrørsla ho er med i og samtidig leiter etter Lea som er forsvunne. Ved hjelp av Leas venninne, Dora, finn dei Lea samtidig med broren Arnodd, som eigentleg står på farten for å stikke av til Sverige , han blir i staden trua til å hjelpe dei med å skaffe ein bil. Hermann, Leas kjæreste har klart å få permisjon og kjøyrer bilen uten førerkort. Leas venninne Dora som er prostituert ofrer seg for folkemengden slik at Lea skal få føde barnet sitt, i baksetet av bilen, og på den måten kjem vesle Rolf Herman til verda på sjølve 8 mai.

Det blir Berit som passar Rolf Hermann for Lea, både då ho blir internert i ein leir for tyskertøser på Selbustrand, og seinare. I leiren treff Lea Dora igjen, dei to venninnene følger og hjelper kvarandre, og blir nok litt familie for kvarandre etter kvart. Lea blir og kjend med “røde Maria” og fleire andre. Utpå hausten ordnar Arnodd jobb til Lea som renholder på eit hotell, både av omtanke for Lea, og med visse baktanker om at det for han er fint å ha ei kontakt på hotellet som han brukar som møteplass , for ei verksemd som ikkje tåler dagens lys.

"...Vinder flakser med tyskerfrakkene,
gjør oss til ravner med kyllingehoder ,
Men det er pokker så lenge til take off "

Lea tek mot til seg og går til redaktøren i avisa Trondhjems tidende, med eit dikt ho har skrive inspirert av livet i ein interneringsleiren. Redaktøren får intresse for henne og vil hjelpe henne. Han gjev henne jobb som avistipser på hotellet der ho vasker på, siden han ser at det og kan vere til nytte for avisa. Inge Hartmann som er ein erfaren og dyktig journalist, blir hennar mentor. Lea blir etter kvart journalist som leiter etter “sannheten bak sannheten” noko som ofte kan vere farleg. Lea trives som journalist og får visdom, innsyn og veks med oppgåvene som journalist.

Ved å følge søskenflokken Karlsbu frå denne dagen i 1945 til tidlig på 60-talet får lesaren eit grundig innblikk i etterkrigshistoria, også historiene det ikkje blir snakka så mykje og høgt om. Det at fire hovudpersoner med kjærester og barn, gode venner og kolleger blir kjende for oss gir eit stort persongalleri. Romanserien kjem difor innom fleire temaer som etterkrigstid, rettsoppgjer, handsaming av krigsbarn og gjennoppbyggings perioden, i eit fattig og utarma land.

Lea og hennar tre eldre søsken representerer fire forskjellige livsretningar . Berit har under okkupasjonen vore med i ei motstandsgruppe i Trondheim som dreiv med psykologisk krigføring, ho er i tillegg lærar, og er krigsenke med to barn og tek seg i tillegg av Leas vesle gut. Brynjar, som var på kvalfangst siden før krigen, vart dermed med i Murmansk konvoiene som krigsseglar etter at krigen braut ut. Etter å ha kome heim slit han med ettervirkningene, som mareritt og minner. Han klarer likevel å bygge seg opp ei politisk karriere og skaffe seg heim og familie. Arnodd har tent seg rik under krigen som entreprenør for Tyskarane, han invisterer mykje av det han har tjent i Karlsviken verft, i heimbygda. Lea finn og kjærleik med sin Johannes.

Lea, Arnodd, Brynjar og Berit er personar som leseren gjennom over førti bøker bøker blir godt kjent med. Forfatteren skriv med ei innleving som gjer at det er lett å bli glad i ‘løvetsnnbarna” Lea og Dora. Lesaren blir og godt kjent med dei andre hovudpersonane, og får og ei forståing for deira val i livet.

Siden romanserien kom ut på byrjinga av 90 tallet er det ikkje så lett å finne den dessverre. Den kan finnes i bruktmarked, loppemarkeder og kan hende biblioteket. Siden dette er ein romanserie som eg føler gir meg noko som lesar kunne eg virkelig ønske at serien blei utgjeven på nytt, evtuelt som lydbok, slik at fleire kunne gå høve til å lese eller høyre på alle desse gode bøkene. Eg synes virkelig romanseien Fire søsken. Og Willy Ustad fortjener det. Og eg ville nok ha kjøpt den ja.

Innlegget er også publisert på Facebookgruppen CS Bokglede.

Annonse

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.