Sommaren 2018 hadde Salmund Kyvik lansering av sin serie Nattlys, ein romanserie som tek for seg “Forbudstiden”, det vil seie 1916 – 1927, ei periode i norsk historie då det meste av kjøp og sal av brennevin var forbudt. Legane skreiv riktignok ut reseptar som kunne kjøpast på apotek, alle andre forsøk på å skaffe “dei edle dråpane” gjorde vanlege folk til lovbrytarar. Meininga med forbudet hadde nok dei beste intensjonar for å begrense skadevirkningane av alkoholisme i samfunnet, det viste seg likevel at det folk vil ha skaffar dei seg likevel på ein kreativ måte. Som kjent blir “forbuden frukt” lett ettertrakta, og frå denne tida har Salmund funne tema for spenningsserien Nattlys.
I prologen til den første boka blir vi kjende med dei to ungdommane Lillian og Mads, der dei traff kvarandre på ein maidag i 1920 på ein stad der ingen av dei strengt tatt burde ha vore, nærare sagt på fjorden utanfor Bastøy nær Horten. Mads har i det meste av ungdomstida si holdt til på Bastøy skolehjem, som i praksis nok kunne virke som eit ungdomsfengsel for gutar i skulealderen. Lillian som har tjuvlånt båten til fosterfaren sin, då ho brått ser ei hand som tek tak i båten “hennar”. Det er Mads som har prøvd å symje frå Bastøy. Lillian klarer å redde Mads opp i båten, men makter ikkje å ro frå forfylgjarane som kjem like etterpå. Mads takker henne likevel varmt, for forsøket på å hjelpe han, og begge ungdomane tek vare på minnet om det første møtet like ved Bastøy.
To år etter er både Mads og Lillian blitt 18, og kan ta farvel med både fosterforeldre og Bastøy skolehjem. Det er ei tid for alt, og no er tida inne for å stå på eigne bein både for Mads og Lillian. Lillian som er foreldrelaus og har vokst opp delvis på barnehjem, og delvis hjå fosterforeldrene der ho nærmast har gått for “lut og kaldt vatn”. Ho har gått på grunnskule, lærerinna hjelper henne med anbefaling og ho er heldig å få arbeid som kombinert hushjelp og barnepasser i ein velstandsheim. Det blir verre for Mads som virkelig slit for å finne seg ærleg arbeid og tene nok til å få tak over hovudet. Han møter ein tidlegare barndomskamerat som har kontaktar i smuglermiljøet og som tidlegare Bastøy gut uten andre muligheter er ikkje vegen long til smuglermiljøet for Mads.
Gjennom Mads opplevingar, får lesaren innblikk i korleis livet som smuglar i forbudstida kunne arte seg frå innsida. Forfattaren har gjennom grundig research danna eit truverdig bilete av livet i Christiania i forbudstida. Det er spennande å følge Mads og Lillian, og eg har forventningar om mange spennande lesetimar videre i Lillian og Mads si verd. Siden eg allereie har lest serien Mørketid som berre vart betre og betre utover i serien, ser eg no fram til å forsetje å leve meg inn i livet i Christiania anno 1922 . Tusen takk for mange fine lesetimer så langt med både Mørketid og Nattlys Salmund Kyvik.
Innlegget har også blitt publisert i Facebookgruppa CS Bokglede.
Vær den første til å kommentere